Trainee til ei av Vestlandets største IT-plattformer
Arbeidsoppgåver
Som trainee hos oss vil arbeidsoppgåvene dine vere avhengige av kompetansen, erfaringa og interessa di. Til dømes:
- Vere ein ressurs som støttar oss i å bli betre på infrastruktur som kode (IaC), jobbe med å bygge DevOps-kulturen vår og automatisere nokre av oppgåvene våre
- Skrive kode og automatisere prosessar knytt til infrastrukturen vår (mellom anna innan skyplattformar, sikkerheit eller nettverk)
- Hjelpe oss å lage malar for korleis vi bruker GitHub, Azure DevOps, CI/CD pipelines eller andre støttesystem
- Lage underlag for å velje heilt andre system som støtter vår strategi om å vere stabil, sikker og framtidsklar
Kvalifikasjonar
Du må:
- Ha høgare utdanning på bachelor- eller masternivå, med fokus på IT
- Vere nyutdanna med maksimalt tre års erfaring etter studiar
- Ha motivasjon til å lære meir om IT-infrastruktur
- Trivast med å jobbe med data og enkel datamodellering
- Ha gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i engelsk
- Beherske norsk som arbeidsspråk
Personlege eigenskapar
- Du trivst i eit dynamisk miljø, og klarar å prioritere oppgåvene dine, også når det av og til skjer mykje på ein gang
- Vi håpar du vil bidra til å utarbeide god dokumentasjon, slik at KI-modellane våre kan dra nytte av den
- Du driv oppgåvene dine framover sjølv, men veit samtidig når det er lurt å be om hjelp eller sparre med teamet
Vi tilbyr
- Du kan dypdykke i vestlandets største IT-plattform som leverer høg oppetid for 33000 brukarar
- Du får jobbe i team saman med 20 godt erfarne spesialistar på IT-infrastruktur
- Du vil vere ein del av eit team med godt humør og høg psykologisk tryggleik
- Du får gode kontorlokale i Bergen sentrum, med mogelegheit for fleksibel arbeidsstad
Som deltakar i traineeprogrammet til Trainee Vest får du
- Utviklingsprogram gjennom Trainee Vest
Traineestilling hjå oss føreset deltaking i Trainee Vest/Bergen Næringsråd sitt traineeprogram og Vestland fylkeskommune sine eigne traineesamlingar. Oppstartsdato for traineestilling følger Trainee Vest sitt årshjul.
Vi veit at mangfold gjer oss betre, og oppfordrar spesielt kvinner til å søkje.

